About this role
Forsking har som mål å få fram ny og nyttig kunnskap som skal styrke tilbodet vi gir våre pasientar, og er ei av hovudoppgåvene til spesialisthelsetenesta. Kliniske behandlingsstudiar gir pasientar tilgang til ny og utprøvande behandling, som elles ikkje er tilgjengeleg. Dette er eit satsningsområde både nasjonalt, regionalt og i Helse Fonna. Vi har eit særskilt fokus på å auke talet på kliniske behandlingsstudiar og talet på pasientar som deltek i studiar. I kliniske behandlingsstudiar får pasientar tilgang til utprøvande behandling som har til hensikt å førebygge, diagnostisere, behandle eller lindre sjukdom. Helse Fonna arbeider i team rundt kliniske behandlingsstudiar og studiesjukepleiarane har ei svært viktig rolle i teama.
Vi søkjer nå etter ein studiesjukepleiar som kan bidra inn i team i ulike fagområder. Det vil være mogleg å utvide stillingsstorleiken ut frå behov og arbeidsmengde.
Kva går jobben ut på?
- Delta i planlegging, gjennomføring og avslutning av kliniske behandlingsstudiar, men med hovudfokus på gjennomføring av studiane.
- Følge opp pasientar som deltek i kliniske behandlingsstudiar både rundt logistikk og sjukepleiaroppgåver.
- Gjennomføre visittar/konsultasjonar.
- Dokumentere og registrere forskingsdata.
- Bidra i monitorering (kvalitetskontroll av pågåande studiar).
- Følge opp feil og manglar i prosjektet.
- Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Minimum 2 års arbeidserfaring som sjukepleiar.
- Erfaring og/eller interesse for klinisk forsking.
- Kva ser vi etter hos deg?
- Hos oss er det viktig at du: er sjølvstendig og strukturert er nøyaktig i gjennomføring av prosedyrar og dokumentasjon har gode samarbeidsevner har gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg Vi tilbyr God opplæring.
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver.
- Triveleg arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar.
- Gode pensjons- og forsikringsavtalar.
- Fleksibel arbeidstid.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonÅse Lervik Steine, Koordinator kliniske behandlingsstudiar, 95132350, [email protected] Haldis Johanne Økland Lier, Forskningssjef, +47 95828763 ArbeidsstadKarmsundgata 120 5528 HAUGESUND Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5211893951 Stillingsprosent: 50% Fast Startdato: 22.02.2027 Søknadsfrist: 13.12.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane.
Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no .