Now hiring

Ferievikar 2027 for LIS1 @ HELSE FONNA HF HAUGESUND SJUKEHUS

Haugesund, NO0A1, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Helse Fonna søkjer dyktige LIS1-vikarar til sjukehusa i Haugesund, Stord og Odda i ferieperioden 2027 (veke 25–33). I søknaden ber vi deg opplyse om kva sjukehus du ønskjer å prioritere. Du kan også oppgi kva klinikk og/eller avdeling du helst vil arbeide ved.Dersom du ikkje har høve til å arbeide heile perioden, ber vi deg oppgi kva tidsrom du kan arbeide. Vi vil prioritere søkjarar som kan arbeide i minst seks veker. Velkomen som søkjar!

Kva går jobben ut på? Tenesteplikt og ansvar som for LIS1, inkludert vaktteneste. Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Det er eit krav at du kan framlegge norsk lisens som medisinerstudent eller som LIS1 innan oppstart, evt. norsk autorisasjon som lege. Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du: har eit sterkt pasientfokus tek ansvar og arbeider sjølvstendig arbeider nøyaktig og strukturert kommuniserer tydeleg og godt med pasientar og kollegaer Vi tilbyr Introduksjon og opplæring. Triveleg arbeidsmiljø. Høgt fagleg nivå.

KontaktinformasjonOlav Bøe Hunnes, Rådgiver, 52732156, [email protected] ArbeidsstadKarmsundgata 77 5531 HAUGESUND Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5211066273 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 08.12.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no .

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores