Now hiring

Rådgivar - helsepedagogikk og digital tjenesteutvikling @ HELSE FONNA HF HAUGESUND SJUKEHUS

Haugesund, NO0A1, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med og utvikle framtidas pasient- og pårørandeopplæring i Helse Vest? Regional kompetanseteneste for helsekompetanse og meistring i Helse Vest er ei nyoppretta kompetanseteneste med tilhaldsstad i Haugesund. Vi skal bidra til å styrke helsekompetanse og pasienttryggleik innan somatikk, psykisk helsevern og rus i regionen. Gjennom fagutvikling, regionale utviklingsprosjekt og samarbeid på tvers skal vi bidra læring på tvers, redusere uønskt variasjon og motverke sosial ulikheit i helsekompetanse.

No ser vi etter ein rådgivar som vil vere med og vidareutvikle helsekompetanse til pasient- og pårørande på tvers av helseføretaka i Helse Vest. Du vil få ei variert og utviklande rolle, der du mellom anna får vere med på å utvikle og ta i bruk digitale løysingar, styrke den helsepedagogiske kompetansen og legge til rette for godt samarbeid mellom spesialisthelsetenesta, kommunane og brukarorganisasjonane.

Kva går jobben ut på?

  • Bidra til utvikling, implementering og spreiing av nye metodar, verktøy og kunnskap innan helsekompetanse, læring og meistring.
  • Bidra til samordning av pasient- og pårørandeopplæring på tvers av helseføretaka.
  • Rettleie kliniske fagmiljø i integrering av læring og meistring i pasientforløp.
  • Delta i regionale samarbeid om utvikling av digitale tilbod til pasientar og pårørande.
  • Styrke helsepedagogisk kompetanse blant helsepersonell.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Du må ha: relevant høgare utdanning innan pedagogikk, helsevitskap, folkehelse, helseinformatikk eller tilsvarande erfaring frå spesialisthelsetenesta eller kommunale helse- og omsorgstenester erfaring med implementering, endringsleiing og/eller tenesteutvikling god digital kompetanse.
  • Det er ønskeleg at du har: kompetanse innan helsepedagogikk og/eller vaksenpedagogikk. erfaring med nettverksleiing eller regionalt samarbeid. erfaring med prosjekt- eller utviklingsarbeid. erfaring med utvikling av e-læring, digitale læringsressursar eller læringsplattformer, og kunnskap om universell utforming og digital tilgjengeleghet.

Kva ser vi etter hos deg?

  • Hos oss er det viktig at du: arbeider strategisk og heilskapleg tek initiativ, ser moglegheiter og får ting gjennomført trivst med å bygge nettverk og skape gode samarbeid kommuniserer tydeleg og engasjerande evnar å omsette fagkunnskap til praktiske løysingar Kvifor skal du velje oss?
  • Ein spennande og utfordrande jobb Lønn etter avtale Gode pensjons- og forsikringsordningar Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø Fagleg utvikling Eit meiningsfylt arbeid som gir personleg utvikling Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg.

Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonKjersti Tollaksen, Avdelingsleiar, +47 48 22 21 46, [email protected] ArbeidsstadKarmsundgata 134 5528 Haugesund Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5209145262 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 10.12.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Fonna har rundt 4500 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane.

Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no .

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores