Now hiring

Sjukepleiar natt - Akuttpost Valen @ HELSE FONNA HF FOLGEFONN DPS DØGNAVDELING - VALEN

NO0A2, NOOnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

På Akuttpost Valen møter du pasientar i ein sårbar situasjon der dine faglege og menneskelege kvalitetar kan vere avgjerande. Er du ein sjukepleiar som ønsker å bidra med tryggleik, omsorg og fagleg kompetanse i eit tverrfagleg miljø? Då kan dette være jobben for deg.

Akuttposten på Valen sjukehus kan tilby pasientane lysregulert behandling, med lys- og mørketarpi. Vi har også eit tilbod vi kallar for "Krisepakke", som er spesielt tilpassa pasientar i akutt krise. Syns du dette verkar interessant og du har fleire spørsmål vedrørande stillinga, ta gjerne kontakt med oss.Er dette jobben for deg? 👉 Søk no og bli med på laget vårt!

Kva går jobben ut på?

  • Sjukepleiar med natt-teneste på døgnpost.
  • Sjukepleiar skal gje pasienten medisinsk og miljøterapeutisk behandling som er naudsynt for å oppfylle dei krav som er sett for kvar einskild pasient.
  • Vere med i beredskap på natt og bistå andre postar ved behov.
  • Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
  • Sjukepleiar med norsk autorisasjon.
  • Ønskeleg med erfaring og realkompetanse innan psykiatri.
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunskaper er avgjerande for forsvarleg pasientbehandling.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du er initiativrik, interessert og har respekt for kvar enkelt pasient taklar stressande situasjonar med ro og fagleg holdning trivst i eit aktivt og travelt miljø er ein god teamarbeider og likar å jobbe tverrfagleg bidreg til eit godt arbeidsmiljø og er tilpasningsdyktig etterspør rettleiing Kvifor skal du velje oss?

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Inkluderande arbeidsmiljø med kompetente kollegaer Kompetanseutvikling gjennom fagdagar og kurs Opplæring i møte med aggresjonsproblematikk - MAP Arbeidstid turnus med arbeid 3. kvar helg For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden.
  • Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg.
  • Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

KontaktinformasjonMerete Gravdal, Funksjonsleiar, 53466474 ArbeidsstadSjukehusvegen 26 5451 VALEN Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5212931369 Stillingsprosent: 70% Vikariat Startdato: 04.01.2027 Sluttdato: 02.01.2028 Søknadsfrist: 06.12.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no .

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores