Now hiring

Lege i spesialisering, LIS3, psykiatri @ HELSE FONNA HF FOLGEFONN DPS DØGNAVDELING - VALEN

Norway (NO0A2)OnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Det er ledig vikariat for LIS3 ved tverrfagleg behandlarteam døgnpost Folgefonn DPS. Vikariatet gjeld for eitt år frå 1. september 2026. Folgefonn DPS er ein avdeling i klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna HF. Vi har ansvar for dei allmennpsykiatriske spesialisthelsetenestene i kommunane Kvinnherad og Ullensvang med eit samla befolkningsgrunnlag på ca. 20 000 innbyggjarar. Idag har vi 12 døgnplassar totalt fordelt på psykose-/rehab.- og allmennpsykiatrisk post på Valen. Det vert gjeve tilbod om kriseplass og brukarstyrt opphald. Døgnavdeling Valen har eit tverrfagleg behandlarteam med overlege i psykiatri, psykologspesialist og LIS3-lege. Døgnavdelinga er godt bemanna med spesialsjukepleiarar og hjelpepleiarar. Hos oss legg vi til rette for gjennomføring av heile spesialiseringsløpet i foretaket. Folgefonn DPS er godkjent utdanningsinstitusjon i psykiatri med 2 år med desse tenesteområda: Langtidsbehandling/rehabilitering av psykoselidingar Fordjupningsteneste i korttidsintervensjon av ikkje - psykotiske tilstandar Allmennpsykiatrisk poliklinikk Valen sjukehus, som ligg 20 meter unna, har videre 2 år med godkjenning på desse områdene: Akutt psykiatrisk post Langtidsposter, med spesialisering på psykose, rehabiliterings-, og sikkerhetspsykiatri, som lis vil bli innlemma i sin 5-års-rotasjon, om ønskjeleg Det siste året kan gjennomførast i BUP, ein tettstad 6 kmilometer unna. Folgefonn DPS har godkjenning som sideutdanning for allmennlegar spesialisering (ALIS). Ein legg og til rette for ALIS teneste i på Valen og poliklinikk Odda. ALIS teneste Odda er utan vakt. Høyrest dette ut som noko for deg? Ta gjerne kontakt om du lurer på noko – vi vil veldig gjerne høyre frå deg! Kva går jobben ut på? Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar med ulike psykiske lidingar i samarbeid med overlege på den aktuelle eininga Vere ein aktiv del av det tverrfaglege behandlingsteamet Medikamentell behandling, individualterapi, vurdere pas. for andre behandlingsformer t.d. gruppepolikliniske tilbod som treningspoliklinikk, musikk terapi og strukturert dagbehandling Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Godkjent medisinsk embetseksamen. Norsk autorisasjon som lege. Gjennomført LIS1 teneste eller tilsvarande Grunnleggande IKT-kompetanse, kunnskap om EPJ og andre fagsystem. Lege med lisens kan verta midlertidig tilsett ved mangel på kvalifiserte søkjarar Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Kva ser vi etter hos deg? Vi ser etter deg som: set pasienten i fokus og møter folk med respekt og tryggleik arbeider sjølvstendig og strukturert kommuniserer godt, både med pasientar, pårørande og kollegaer trivst med å jobbe i team og bidreg positivt i arbeidsmiljøet Kvifor skal du velje oss? Fagleg og personleg utvikling Fagleg vegleiing individuelt og i grupper Internundervisning og regelmessig fagleg fellesskap med Valen sjukehus. Aktivt og triveleg arbeidsmiljø Hjelp til å skaffa bustad Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift ( IA-bedrift) KontaktinformasjonRolf Christian Mehl, Avdelingsoverlege, +4741470958, [email protected] Maren Elise Skogseth, Avdleingsleder, 95187657, [email protected] ArbeidsstadSjukehusvegen 13 5451 Valen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5137225494 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 10.08.2026 Om arbeidsgiveren: I Helse Fonna er vi meir enn 3000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre. Helse Fonna dekker 19 kommunar med rundt 180 000 innbyggjarar og har sjukehus i Odda, Stord, Haugesund og Valen, fire DPS og elleve ambulansestasjonar. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no . Følg oss også gjerne på Facebook .

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores