Now hiring

Overlege i psykiatri @ HELSE FONNA HF FOLGEFONN DPS DØGNAVDELING - VALEN

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere med og forme framtida innan psykisk helsevern? Hos oss vil du bli ein del av eit levande og tverrfagleg behandlingsmiljø, der vi saman jobbar for å tilby eit breitt spekter av behandlingstilbod. Folgefonn DPS har lokasjonar på Valen og i Odda, og vi gir eit bredt behandlingstilbod innan rusbehandling (TSB) i poliklinikk og døgn, allmennpsykiatriske poliklinikkar, gruppepoliklinikk, FACT samt ulike døgnbehandlingstilbod innan psykisk helsevern. Vi har eit godt og breitt tverrfagleg behandlingsmiljø med 4 overlegar i psykiatri, psykologspesialistar, 2 LIS legar/ ALIS og psykologar under spesialisering, samt høgskuleutdanna med vidareutdanning. Arbeidsplass er på Valen, på poliklinikk eller døgn. Folgefonn DPS sitt opptaksområde er kommunane kvinnherad og Ullensvang. Befolkningsgrunnlaget er omlag 20 000 vaksne innbyggjarar. Ein spennande periode for utvikling Vi er inne i ei spennande tid der vi vidareutviklar behandlingstilboda våre, både poliklinisk og innan døgnbehandling. No har vi ei ledig stilling på Allmennpsykiatrisk poliklinikk – ein unik sjanse til å bli ein del av ei fagleg satsing og bidra til fagutviklinga. Er dette noko for deg? Vi ser fram til å bli kjent med deg, og intervju kan bli gjennomført fortløpande i utlysningsperioden. Velkomen til Folgefonn DPS – der fag, utvikling og engasjement møtest! Kva går jobben ut på? Utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar. Tverrfagleg klinisk arbeid i team. Rettleiing og internundervisning. Deltaking i felles bakvaktsordning med Valen sjukehus. Deltaking i samhandling med pårørande og kommunehelsetenestene. Kva kompetanse er viktig i denne rolla? Norsk autorisasjon og godkjent spesialisering i psykiatri. Gode munlege og skriftlege norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Kva ser vi etter hos deg? Hos oss er det viktig at du finn løysningar og er strukturert har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner trivst i eit aktivt miljø med varierte utfordingar bidreg positivt til arbeidsmiljøet Kvifor skal du velje oss? Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring. Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift). Kompetanseutvikling og vidareutdanning. Moglegheit for deltaking i prosjekt og kvalitetsutvikling. Sterkt fagleg fellesskap med godt arbeidsmiljø. Moglegheit for å skaffe overgangsbustad. Oppstart etter avtale. KontaktinformasjonRolf Christian Mehl, Avdelingsoverlege, 41470958 Erlend Hellingsrud, Leder poliklinikk FDPS, 47260535 Maren Elise Skogseth, Leder Folgefonn DPS, 95187657, [email protected] ArbeidsstadSjukehusvegen 13 5451 Valen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF Referansenr.: 5113924032 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 24.08.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland. Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no .

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores