About this role
Vil du jobbe hos oss? Vi har behov for tilkallingsvikarer ved Haramsøy BarnehageHaramsøy Barnehage er ein barnehage med ei avdeling med 17 barn som er delt i to grupper 1-2 år og 3-5 år. Vi har eit stort leikeområde ute og har kort veg til både skog, fjell og fjøre som blir nytta heile året. Vi har eit godt og stabilt fagmiljø der tilsette har lang erfaring og stort engasjement.I barnehagen vår søkjer vi deg som er aktiv, leiken, og ein trygg vaksen til å bli ein del av teamet vårt.
Er du oppteken av at barn skal få ein god oppvekst? Da ynskjer vi akkurat deg som vår nye kollega. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Haram kommune er ein ambisiøs kommune med gode heilskaplege tenester og der vi alle arbeider etter visjonen "Framover i lag kvar dag" . Vi har fokus på å spele kvarandre gode, og arbeide på tvers for å skape gode tenester for innbyggjarar og næringsliv