About this role
Vil du vere med på å skape ein trygg, inkluderande og meiningsfull skulekvardag for ungdom? Brattvåg ungdomsskule har ledig vikariat i 50 % stilling som miljøterapeut frå 01.01.2027, til 31.07.2027.
Stillinga er knytt til arbeid med elevar som har behov for særskild tilrettelegging, tett oppfølging og støtte i skulekvardagen.Vi søkjer ein engasjert, trygg og relasjonssterk medarbeidar som ønskjer å gjere ein forskjell for ungdom. Hos oss blir du ein del av eit fagleg fellesskap der vi arbeider saman for å skape eit godt læringsmiljø, fremje meistring og sikre at alle elevar opplever tilhøyrsle og inkludering.
Brattvåg ungdomsskule ligg sentralt i Brattvåg, tett ved Haram vidaregåande skule og Brattvåg stadion. Skulen har om lag 150 elevar og 22 tilsette, og elevane kjem frå Brattvåg, Søvik, Hildre og Grytastranda. Vi er ein dysleksivennleg skule og nyttar nynorsk som opplæringsmål. Elevane har 1:1-dekning med PC, og vi arbeider digitalt i Teams og Office 365.Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn og ungdom. Vi har eit arbeidsmiljø med fokus på godt samarbeid og høg trivsel, både saman med elevar og kollegaer. I Haram kommune er gode, heilskaplege tenester i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenestene, for å saman skape robuste tilbod for innbyggjarar og næringsliv.
Ønskjer du å vere med å forme framtida til ungdommane i Haram? Vi ser fram til å høyre frå deg!