Now hiring

Rådgjevar @ Haram kommune

Haram, Møre og Romsdal, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du jobbe tett på leiinga og bidra til å utvikle tenestene i Haram kommune? Vi søkjer ein rådgjevar til fagstaben for Livsløp i eit vikariat medan ein av medarbeidarane våre er i foreldrepermisjon. Kommunalområdet Livsløp omfattar helsetenester, pedagogisk fagsenter og vaksenopplæring, helsestasjon og ressursbase, barnevern, Nav. Vi er opptekne av å spele kvarandre gode og samarbeide på tvers, slik at innbyggjarane får samanhengande oppfølging når dei treng hjelp frå fleire tenester. Som rådgjevar i fagstaben støttar du kommunalsjefen og tenesteleiarane i planarbeid, sakshandsaming og tenesteutvikling.

Du følgjer opp tenesteområda, utarbeider saksframlegg og avgjerdsgrunnlag og koordinerer utviklingsarbeid som involverer fleire tenester.Ei av oppgåvene dine er å leie og koordinere innføringa av betre tverrfagleg innsats (BTI) i Haram kommune. Du samarbeider med leiarar og ressurspersonar om opplæring og følgjer opp at tenestene tek modellen i bruk i det daglege arbeidet. Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores