Now hiring

Miljøterapeut @ Haram kommune

NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi søkjer ein engasjert, tydeleg, strukturert, varm og energisk miljøterapeut som ønskjer å vere med å skape gode skuledagar for elevar ved Eidet skule. Du vil vere ein viktig støttespelar for elevar, tilsette og føresette ved skulen.

Vi har ledig 80% fast stilling som følgjer skuleåret til lærarane, med moglegheit til å utvide den til 100% om ein vil arbeide på SFO når den er open utanom skuleåret.

Eidet skule er ein flott og heilt ny skule med om lag 400 elevar frå 1. - 10. trinn og om lag 120 barn på SFO.

Visjonen til Eidet skule er "Eigne steg, felles veg".

Skulen ligg fint til mellom bygdene Vatne og Tennfjord, ved foten av Ramnfloget med Eidet kulturhall og Ravn Stadion som næraste naboar.

Vi har flotte fasilitetar med topp moderne undervisningslokale, spesialrom til alle fag, gode arbeidsrom, 1-1 dekning med iPad/PC, elevkantine, amfi og bibliotek.Vi fokuserer på å skape ein trygg og inkluderande skule som opnar dører mot verda og framtida for elevane våre.

Vi ønskjer å skape ein skule som er ein nær del av lokalsamfunnet, og som elevar, tilsette og føresette er stolt over å vere ein del av.I kommunalområde Barnehage og skule har vi fleire barnehagar og skular.

Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn.

Bli med i teamet vårt og ver med på å forme framtida.

Haram kommune er ein ambisiøs kommune, der gode og heilskaplege tenester er i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenesteområda våre, slik at vi saman kan skape robuste tilbod for innbyggjarar og næringsliv.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores