About this role
Det er frå januar ledig 6 månaders vikariat i ortopedisk kirurgi for Cand. med. eller stud.med. med lisens ved Kysthospitalet i Hagevik. Arbeidsoppgåver innan ortopedisk kirurgi. Helse Bergen HF, Ortopedisk klinikk inkluderer Ortopedisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus samt Kysthospitalet i Hagevik. Kysthospitalet er eit spesialsjukehus for ortopedisk kirurgi. Pasientgruppene treng ryggkirurgi eller protesekirurgi, i tillegg er det mindre pasientgrupper for annan elektiv ortopedi. Sjukehuset har sengepost med 22 senger, 4 operasjonsstover og ein oppvåkningsavdeling.
Sjukehuset har 6-døgnsdrift, det vil si at sjukehuset stenger laurdag kl. 16.00, og opnar måndag morgon kl. 7.00. Dei fleste heilagdagar er sjukehuset stengt, slik at ein har fri påske og jul/nyttår.Stillinga er i hovudsak 100% dagtidsstilling i pasientmottak ved Kysthospitalet i Hagevik, men det kan bli aktuelt å dekke enkelte LIS-vakter. Vikariatet passar for Cand.med./Stud.med. med lisens som ventar på stilling som LIS 1.