Now hiring

Lege i spesialisering i ortopedisk kirurgi. Vikariat @ Helse Bergen HF, Ortopedisk klinikk

NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Ved Kysthospitalet i Hagevik er det ledig eit vikariat for lege i spesialisering innan ortopedisk kirurgi (LIS2/3), med tilsetting frå snarast. Varigheit av vikariatet er 6 månadar med moglegheit for forlenging.

Vikariatet kan telje som del av spesialistutdanninga.

Helse Bergen HF, Ortopedisk klinikk inkluderer Ortopedisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus samt Kysthospitalet i Hagevik. Kysthospitalet er eit spesialsjukehus for ortopedisk kirurgi. Dei store pasientgruppene treng ryggkirurgi eller protesekirurgi, i tillegg er det mindre pasientgrupper for annan elektiv ortopedi. For å dekke læringsmåla innan traumatologi er det avtale om rotasjon til ortopedisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus.Vi har ein sengepost med 22 senger, 4 operasjonsstover og ein oppvakningsavdeling.

Sjukehuset har 6-døgnsdrift, det vil si at sjukehuset stenger laurdag kl. 16.00, og opnar måndag morgon kl. 7.00. Dei fleste heilagdagar er sjukehuset stengt, slik at ein har fri påske og jul/nyttår.Avdelingane er knytt til Det Medisinske Fakultet, Klinisk institutt 1 ved UiB og har ansvar for undervisninga av medisinstudentar. Legane må derfor delta i undervisning etter nærare avtale.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores