About this role
Ergoterapiavdelinga er ei avdeling i Ortopedisk klinikk som yter tenester til somatiske avdelingar i Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus. Avdelinga er med sine 22 stillingar den største arbeidsplassen for ergoterapeutar på Vestlandet, og tilbyr eit spanande særfagleg og tverrfagleg fagmiljø. Det faglege engasjementet i avdelinga er stort med fokus på å tilby kunnskapsbaserte tenester. Vi er opptatt av tenesteutvikling og korleis tenestene kan forbetrast i tråd med utviklinga i helsetenesta. Dette gjer vi saman i eit arbeidsmiljø prega av arbeidsglede og samhold.Vi har ledig fast 100% stilling for spesialergoterapeut frå 01.01.27 tilknytt Nevroklinikken.Arbeidsoppgåvene er i hovudsak lagt til Nevrologisk akuttpost og nevrologisk poliklinikk. Ved akuttpost er kartlegging av ADL-funksjon, screening av kognitiv funksjon og oppfølging av arm-/handfunksjon sentralt. Ved nevrologisk poliklinikk gir ein tilbod til pasientar med aktivitetsvanskar som treng oppfølging frå spesialisthelsetenesta. Ergoterapeuten inngår i tverrfagleg team ved dei ulike einingane. Som spesialergoterapeut vil ein ha medansvar for å sikre høg kvalitet i klinisk praksis og utvikling av tenestene.