Now hiring

Vil du bli vår nye fysioterapeut eller spesialfysioterapeut? @ Helse Fonna HF

Haugesund, Rogaland, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi har ledig vikariat ved Haugesund sjukehus! Terapeutavdelinga ved Haugesund sjukehus søkjer ein engasjert fysioterapeut eller spesialfysioterapeut som ønskjer å bli ein del av laget vårt! Hos oss blir du ein del av eit kompetent fagmiljø med varierte og spennande arbeidsoppgåver. Vi legg stor vekt på tverrfagleg samarbeid og jobbar saman for å gi pasientane våre best mogleg behandling og oppfølging. Stillinga er knytt til dei medisinske sengepostane, og vi ønskjer difor særleg søkjarar med interesse for og gjerne erfaring innan barnefysioterapi og lungefysioterapi.

Vidareutdanning eller relevante kurs innan desse fagområda er ein fordel. Som fysioterapeut hos oss blir du ein del av Terapeutavdelinga, som i tillegg til fysioterapeutar består av ergoterapeutar, sosionomar, kliniske ernæringsfysiologar og sjukehusprestar. Her får du samarbeide tett med ulike faggrupper og bidra med kompetansen din i eit breitt og spennande fagmiljø.✨ Vi håpar du har lyst til å bli vår nye kollega!

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores