About this role
BUP Haugesund har ein 100 % ledig stilling som psykologspesialist ved døgnposten. Stillinga er på dagtid, 37,5 t/veke og mogelegheit for fleksitid. Denne stillinga er for deg som ønskjer å arbeide tett på barn, unge og familiar når dei treng det som mest 🌼 Her på BUP døgnpost møter du menneske i krevjande livssituasjonar. Vårt oppdrag er å gi spesialisert behandling med høg kvalitet, i tett samarbeid med føresette og andre instansar.Vi søkjer deg som vil vere med på laget vårt ved BUP døgnpost, som er delt inn i to fløyer med totalt 10 senger: Post Nord for barn frå 6 til 13 år og Post Sør for ungdom frå 12 til 18 år.
Døgnposten har akuttfunksjonar og betener heile Helse Fonna-regionen. Les meir om oss her: https://www.helse-fonna.no/avdelinger/bup-helse-fonna/om-bup/ Eininga er i gang med å implementere Blakstadmodellen for grunnleggjande miljøbehandling, og arbeider systematisk for å byggje ein felles fagleg praksis. Vi legg stor vekt på recovery-orientert tilnærming. Hos oss jobbar allereie mange dyktige, rause og hyggjelege kollegaer. Vi veit at god behandling krev meir enn rett metode - det krev også varme, tålmod og evne til å sjå kvar enkelt. Hos oss blir du del av eit engasjert tverrfagleg team som støttar kvarandre, deler kunnskap og samarbeider tett.
Som psykolog vil du inngå i eit team saman med behandlarane på post, som omfattar psykologar, overlegar og LIS 3-legar. Psykologane og psykologspesialistane frå døgnposten inngår også i faggruppa psykologar ved heile BUP Haugesund med tilhøyrande møter, samlingar, fagutvikling og meir. Posten vil gjerne leggje til rette for fagutvikling.👉 Vil du vite meir?
- Då vil vi gjerne høyre frå deg.
- Ta gjerne kontakt på telefon eller e-post!