About this role
Likar du praktiske oppgåver, har sans for orden og trivst med å ha oversikt? Ved gastroenterologisk poliklinikk utgreier og behandlar vi pasientar med sjukdommar i fordøyingssystemet gjennom endoskopiske undersøkingar og poliklinisk oppfølging. Som assistent hos oss får du ei viktig rolle i den daglege drifta. Du sørgjer for at undersøkingsrom og utstyr er klare til bruk, og bidreg til god arbeidsflyt gjennom dagen. Her blir du ein del av eit triveleg fagmiljø der vi legg vekt på kvalitet i arbeidet og gode opplevingar for både pasientar og medarbeidarar.Vi ser etter deg som tek initiativ, likar å ha orden rundt deg og samarbeider godt med andre. 👉 Høyrest dette ut som noko for deg? Då vil vi gjerne høyre frå deg.