About this role
Tilrettelagte tenester har ledig 100% vikariat som vernepleiar, med moglegheit for fast tilsettingVi gjev tenester til barn, ungdom og vaksne med ulike bistandsbehov, og tenesta er aukande. Tenesta er inne i ein god prosess med endring og fagleg utvikling, og vi søkjer derfor deg som er engasjert og har eit fagleg fokus. Vi er med i innovasjonsprosjektet TØRN, og er med i eit nytt læringsnettverk spesielt retta inn mot denne type teneste. Vi går difor ei spennande tid i møte, med mål om å utvikle tenesta til det beste for tenestemottakarar og tilsette.Du vil få god anledning til å utvikle både deg sjølv og arbeidsplassen, og du vil bli ein del av eit dyktig vernepleiar-team og eit godt fagmiljø.
Vi har eit godt arbeidsmiljø med mange flinke og dedikerte tilsette, der ein får anledning til å utfylle og utfordre kvarandre. Fagadministrativ tid er implementert i turnus. Med andre ord er dette ei god muligheit til å vere med på ein spennande prosess!
Tilrettelagte Tenester har to avdelingar, Brennebakkin og Tingvangtoppen (barneavlastning). Vi har også oppdrag utanom avdelingane i varierande mengde.Vi søkjer primært deg som har utdanning og autorisasjon som vernepleiar. Søkjarar med annan relevant 3-årig utdanning og relevant erfaring kan bli vurdert.Vi ser fram til å høyre frå deg!