Now hiring

Fysioterapeut- 80% fast stilling @ Øystre Slidre kommune

NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Ønskjer du å bidra med heilskaplege fysioterapeutiske tiltak for barn og unge i Øystre Slidre kommune? Vi søkjer fysioterapeut med hovudfokus på barn og unge. Øystre Slidre kommune har no ledig ei fast stilling som fysioterapeut i 80 % frå nyttår. Dette er ei variert og meiningsfull stilling som gir deg moglegheit til å arbeide tett med barn på deira eigne arenaer, ved helsestasjon, i barnehage og skule. Du vil òg få moglegheit til å arbeide med andre aldersgrupper, men oppfølging av barn og unge vil vere hovudfokuset.Du vil vere ein viktig ressurs i arbeidet med å styrkje helsa og meistringsevna til barn, samstundes som du samarbeider tett med andre kommunale tenester og spesialisthelsetenesta. Stillinga omfattar òg allmenne fysioterapeutiske arbeidsoppgåver, der du vil bidra inn i den kommunale fysioterapitenesta med vurdering, behandling og oppfølging av brukarar, både individuelt og i grupper.

Det er krav om politiattest før tilsetjing, jf. helsepersonellova § 20 a.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores