About this role
Vil du bli ein del av teamet vårt i barnehagen? Øystre Slidre kommune søkjer deg som likar å vere ilag med born – inne og ute, som er kreativ, har humor og ser moglegheiter også i ein krevjande kvardag.
Rogne barnehage har 110 plassar. Visjonen til barnehagen er "for barna". Barnehagen var ny i 2015, med både store og mindre avdelingsrom, slik at fleksibiliteten er stor innanfor å dele avdelingane inn i mindre grupper. Barnehagen ligg i naturvenlege område, og me har fleire turmål, både i skog og ved fjord. Me er nært knytt til Rogne skule og idrettsanlegget ved Solhaug. Beito barnehage har 55 plassar fordelt på fleire avdelingar. Barnehagen ligg plassert i eit roleg område, tett inntil skog og vatn. Vi har eit stort uteområde med naturtomt, der barna kan leike variert, utforske naturen og utfordre seg sjølv. Øystre Slidre kommune har fokus på trygt og godt barnehage og skulemiljø og er i avsluttande fase i Læringsmiljøprosjekt. Dette er eit prosjekt i samarbeid med læringsmiljøsenteret og UDIR, der arbeid både er på individ, gruppe og system.
Det er no ledig følgjande stillingar;Beito barnehage:100% vikariat frå 1.1.2027 til 10.08.2027Rogne barnehage: 100% vikariat frå d.d. til 16.03.202750% mellombels tilsetjing frå d.d. til 10.08.2027 Eventuelt andre stillingar stillingar som kan bli ledige Barnehagane har også behov for tilkallingsvikarar.