About this role
Våren 2027 flyttar Barne- og ungdomsavdelinga inn i nye lokale ved Haugesund sjukehus. No søkjer vi ein engasjert og tydeleg avdelingsleiar som vil vere med og forme korleis vi skal arbeide, utvikle oss og skape gode tenester for barn, unge og familiane deira i åra som kjem. Dette er ei leiarstilling for deg som ønskjer å kombinere menneske, fag, drift og utvikling. Du får ansvar for ei avdeling med høg fagleg kompetanse og engasjerte medarbeidarar, og blir samtidig ein viktig del av leiinga og utviklinga av Klinikk for medisin Haugesund og Odda.Vi står framfor ein spennande periode. Innflytting i nye lokale gir oss ikkje berre nye fysiske rammer, men også ei moglegheit til å sjå på organisering, arbeidsmåtar og samarbeid med nye auge. Vi ser derfor etter deg som både kan sikre god drift i kvardagen og som trivst med å leie utvikling og endring.