About this role
Vil du ha ein spennande og lærerik sommarjobb innan radiografi? Radiologisk avdeling i Helse Bergen er ein moderne og høgteknologisk arbeidsplass som nyttar Sectra RIS og PACS-system, og ein utstyrspark i toppklasse. Her jobbar over 350 flinke folk –kring 160 av dei er radiografar, fordelt på fleire seksjonar med eiga fagmiljø og leiing. Til sommaren 2027 treng vi vikarar på fleire av seksjonane våre. Du kan anten søke som autorisert radiograf, eller som radiografstudent som har fullført 2. studieårOpplæring blir gitt, og det kan bli aktuelt å jobbe delt mellom to ulike seksjonar.
Vidare vikariat eller som tilkallingsvikar frå hausten 2027 er mogleg. Hovudbehovet for sommarvikarar er frå veke 25 til og med veke 33, men dette varierer litt mellom dei ulike fagseksjonane. Tidlegare oppstart kan også bli aktuelt. Informer gjerne i søknad dersom dette er aktuelt for deg.Presiser gjerne i søknad dersom du har ønske om arbeid tilknytta ein spesifikk seksjon. Les meir om korleis det er å jobbe i Radiologisk avdeling