About this role
Mohn Medical Imaging and Visualization Centre (MMIV) lyser ut ein ettårig forskarstilling innan medisinsk bildediagnostikk og kunstig intelligens i ASIS-prosjektet. (AI-supported services for image diagnostics in Western Norway), finansiert av Helse Vest RHF. ASIS har som mål å integrere og evaluere KI-baserte bildeanalysemetodar i kliniske arbeidsprosessar gjennom samarbeid mellom forskarar, klinikarar og tekniske fagmiljø i regionen.
Stillinga vil vere retta mot trening og evaluering av sementeringsmodellar på sjukehusets eigne bildedata, innanfor sjukehusets sikre infrastruktur. Vi søker ein kanditat med sterke programmeringsferdigheiter og praktisk erfaring med trening av djuplæringsmodellar for segmentering av medisinske bilde. Ei sentral oppgåve vil vere å etablere eit reproduserbart, containerbasert treningsoppsett, til dømes nnU-Net i Docker på sjukehusets berekningsinfrastruktur, med sikker dataflyt frå lokale bildearkiv til treningsmiljøet. Stillinga kombinerer anvendt forsking og teknisk utvikling av maskinlæringsløysingar, med vekt på vitskapleg publisering og klinisk relevant vurdering.
Om MMIV:MMIV er lokalisert ved Radiologisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus. Senteret samlar kompetanse innan radiologi, klinisk medisin, informatikk og ingeniørfag for å forbetre bildediagnostikk og kliniske arbeidsprosessar. Tilknytningen til sjukehuset legg til rette for samarbeid mellom forskarar og klinikarar om klinisk relevante problemstillingar innan bildediagnostikk. Meir informasjon: https://www.mmiv.noDen som blir tilsett, blir ein del av eit forskingsmiljø med om lag 20 kollegaer som hovudsakleg arbeider med bildeforsking og kunstig intelligens. Det daglege arbeidet vil innebere tett samarbeid med deltakarar i ASIS-prosjektet, med jamnlege moglegheiter til å diskutere metodar, resultat og klinisk anvendingar. Hauke Bartsch og Satheshkumar Kaliyugarasan vil gje vitskapleg rettleiing.
Finansiering og karriereutvikling Stillinga er finansiert for eitt år. I denne perioden skal den som vert tilsett, samarbeide med seniorforskarar ved MMIV om å utarbeide og sende inn ein felles søknad om ekstern finansiering, med sikte på å støtte vidare forsking og mogeleg vidare tilsetjing. Søknadsarbeidet vil inngå i den avtalte arbeidsplanen. Aktuelle moglegheiter kan omfatte eit postdoktorstipend, dersom kandidaten oppfyller kvalifikasjonskrava, eller ein anna eigna finansieringsordning. Eventuell vidare tilsetjing vil avhenge av at finansiering blir innvilga, og at gjeldande rekrutteringsprosedyrar blir gjennomført.
- Søknaden skal innehaldeEi kort utgreiing for motivasjonen din for å søke, inkludert erfaring med trening av dyplæringsmodellar for segmentering og utvikling av reproduserbare maskinlæringspipeliner, og korleis dette kan bidra til ASIS-prosjektet.CV, inkludert publikasjonsliste der det er aktuelt.
- Namn og kontaktinformasjon til to referansepersonar.
- Éin bør vere rettleiar eller arbeidsgjevar frå eit nyare arbeidsforhold.
- Vitnemål og karakterutskrifter.
- Søkarar til postdoktorstillinga som endå ikkje har oppnådd doktorgrad, må også legge ved stadfesting frå institusjonen på at avhandlinga er levert.
- Relevante kursbevis og arbeidsattestar, der det er aktuelt.
- Anbefalingsbrev fra universitetet ditt eller tidlegare arbeidsgjevarar er velkomne, men ikkje obligatoriske.
- Søknaden kan skrivast på engelsk eller norsk.