Now hiring

Vil du vere med å vidareutvikle kvinnehelsetenestene i Helse Fonna? @ Helse Fonna HF

Haugesund, Rogaland, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi søkjer ein engasjert, tydeleg og utviklingsorientert avdelingsleiar til Føde- og gynekologisk avdeling ved Haugesund sjukehus. Dette er ei spennande leiarstilling for deg som ønskjer å kombinere strategisk leiing med operativ utvikling av tenester som har stor betydning for kvinner og familiar i regionen. Som avdelingsleiar får du ei sentral rolle i vidareutviklinga av avdelinga sitt faglege tilbod, kvalitet, pasientsikkerheit, drift og medarbeidarar. Du blir ein viktig bidragsytar i klinikken sitt leiarskap og får moglegheit til å påverke utviklinga av kvinnehelsetenestene i åra som kjem.Du rapporterer til klinikkdirektør og inngår i klinikken si leiargruppe.

Føde- og gynekologisk avdeling ved Haugesund sjukehus tilbyr eit breitt og differensiert behandlingstilbod innan fødselshjelp, gynekologi, gynekologisk kirurgi og fertilitetsbehandling til befolkninga i opptaksområdet til Helse Fonna. Avdelinga omfattar føde-/barsel avdeling, gynekologisk sengepost, poliklinisk verksemd, dagbehandling og ei etablert fertilitetseining som tilbyr utgreiing og behandling til par og einslege med behov for assistert befruktning. Gjennom eit samla og framtidsretta tilbod arbeider vi for å sikre høg kvalitet, gode pasientopplevingar og likeverdige tenester innan kvinnehelse.

Avdelinga har eit høgt aktivitetsnivå og består av fleire yrkesgrupper med brei og høg fagleg kompetanse innan fødselshjelp, gynekologi og reproduksjonsmedisin. Fagleg utvikling, pasientsikkerheit og kontinuerleg kvalitetsforbetring står sentralt i verksemda vår.Hos oss møter du engasjerte medarbeidarar og leiarar som samarbeider tett på tvers av profesjonar, seksjonar og klinikkar for å skape heilskaplege pasientforløp. Vi har eit sterkt fokus på tverrfagleg samarbeid og ønskjer å vidareutvikle tenestene våre i takt med framtidige behov og moglegheiter.Vi ser etter ein leiar som ønskjer å byggje vidare på avdelinga sine sterke fagmiljø, vidareutvikle medarbeidarar og bidra til innovasjon, kvalitetsforbetring og framtidsretta tenester innan kvinnehelse. Som avdelingsleiar får du høve til å påverke den strategiske utviklinga av avdelinga og vere med på å forme framtidas føde-, gynekologi- og fertilitetstilbod i Helse Fonna.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores