About this role
Medisinsk sengepost ved Nordfjord sjukehus søkjer LIS1-ferievikarar i perioden 21.06.2027 - 15.08.2027. Som ferievikar ved medisinsk sengepost får du brei erfaring innan indremedisin og akuttmedisin. Du blir ein del av eit inkluderande fagmiljø og får arbeide tett saman med erfarne overlegar og LIS-legar. Nordfjord sjukehus er eit av tre sjukehus i Helse Førde. Medisinsk seksjon ved Nordfjord sjukehus har 5 faste overlegar, 6 LIS1, 1 cand.med/ALIS i ordnær drift. Medisinsk sengepost dekkjer den medisinske akuttfunksjonen for pasientar i Nordfjordregionen i samarbeid med dei andre sjukehusa i Helse Førde. Seksjonen har ein sengepost med 16 senger, derav 3 observasjonssenger.
- Arbeidsoppgåver Cand.med. har varierte oppgåver knytt til mottak av pasientar, akutt og planlagd innlegging, oppfølging og utskriving av pasientar på sengeposten Kvalifikasjonar Utdanna lege, klar for LIS1 teneste (cand.medisin) Medisinstudent med lisens kan også blir vurdert for stillinga Gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg Erfaring frå sjukehus vil vere ein fordel Erfaring med DIPS Arena og MEONA vil vere ein fordel Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar Ha gode samarbeidsevner og vere fleksibel Vere nysgjerrig på ny kunnskap og ha pasienten i fokus Tåle tidvis høgt arbeidstempo Vi tilbyr Utviklande arbeid Godt arbeidsmiljø Varierte medisinskfaglege problemstillingar Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Hjelp med å skaffe bustad #sommarjobb #sommarjobbnordfjord Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg.
- Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonHilde Manseth Bjørhovde, Seksjonsleiar, (+47) 932 90 198 ArbeidsstedSjukehusvegen 14 6770 Nordfjordeid Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5208438410 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 21.06.2027 Sluttdato: 15.08.2027 Søknadsfrist: 08.01.2027 Om arbeidsgiveren: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert.
Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.