Now hiring

Vil du bli vår nye sjukepleiar? Vi søker deg! @ HELSE FØRDE HF NORDFJORD SJUKEHUS

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Er du sjukepleiar og ønskjer ein variert og fagleg spennande arbeidskvardag? Medisinsk sengepost ved Nordfjord sjukehus har ledig 85 % fast stilling som sjukepleiar, med moglegheit for 15 % vikariat frå 01.11.2026. Stillinga inngår i tredelt turnus med arbeid kvar tredje helg. Vi testar for tida ut langvakter, noko som kan bli aktuelt frå neste turnusperiode. Hos oss får du ein variert kvardag der du lærer prosedyrar, opparbeider deg brei kompetanse innan indremedisin og samarbeider tett med andre faggrupper. Vi legg vekt på fagleg utvikling, jamleg simulering og undervisning, og har fokus på eit godt arbeidsmiljø. Medisinsk sengepost er ei spennande heildøgnseining med 16 senger, inkludert tre observasjonssenger for pasientar som treng kontinuerleg observasjon. Vi er lokalsjukehus for Nordfjord med indremedisinsk akuttfunksjon. Her behandlar vi dei fleste indremedisinske diagnosane, inkludert palliasjon og stabilisering av akutte pasientar som skal til eit høgare omsorgsnivå. Nordfjord sjukehus og lokalmiljøet Nordfjord sjukehus ligg sentralt i Nordfjord og er eit av tre sjukehus i Helse Førde. Nordfjordeid har gode tilbod innan barnehage og skule, i tillegg til eit aktivt kultur- og fritidstilbod. Området byr på flotte moglegheiter for friluftsliv, med kort veg til både fjord og fjell. Det er òg kort avstand til flyplass. Høyrest dette ut som ein arbeidsplass for deg? Då ser vi fram til å motta søknaden din! Slik kan ein arbeidsdag hos oss sjå ut: Du tek imot, observerar og følgjer opp innlagde pasientar Du arbeider tverrfagleg og samarbeider med kommunane om pasientoppfølging Du gir opplæring og rettleiing til studentar og nytilsette Du dokumenterer i elektronisk pasientjournal (DIPS Arena og Meona) Du deltek på undervisning og simuleringstrening For å jobbe med oss: Har du norsk autorisasjon som sjukepleiar Beherskar godt norsk, både skriftleg og munnleg Har du kanskje erfaring fra intermediærpost, observasjonsenhet, intensiv eller liknande, men det er ikkje eit krav. Erfaring med bruk av DIPS Arena og Meona er ein fordel, men opplæring vil bli gitt. Har gode samarbeidsevner og evne til å jobbe tverrfagleg Vi ser etter deg som: Er oppteken av god pasientbehandling, og tek ansvar i arbeidet Gjer faglege vurderingar og spør om råd når du er i tvil Bidreg positivt til arbeidsmiljøet Er nysgjerrig og ønskjer fagleg utvikling Trivst i ein til tider travel kvardag Vi er opptatt av at du skal trivast, hos oss får du: Opplæring tilpassa dine behov Fagleg og personleg utvikling, mellom anna gjennom undervisning og simulering Vere del av eit inkluderande arbeidsmiljø der vi tek vare på kvarandre Bidra til pasienttryggleik Lønn etter gjeldande overeinskomst, og gode pensjons- og forsikringsordningar Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonMaria Charlotta Berg Langvik, Seksjonsleiar, (+47) 416 48 264 ArbeidsstedSjukehusvegen 14 6770 Nordfjordeid Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5182354512 Stillingsprosent: 85% Fast Søknadsfrist: 02.11.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores