Now hiring

Overlege i indremedisin med spesialisering i gastroenterologi eller kardiologi @ HELSE FØRDE HF NORDFJORD SJUKEHUS

NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Medisinsk seksjon ved Nordfjord sjukehus søkjer overlege i indremedisin med spesialisering i gastroenterologi eller kardiologi. Nordfjord sjukehus er eit av tre sjukehus i Helse Førde. Medisinsk seksjon ved Nordfjord sjukehus har f ire overlegestillingar og seks LIS1 i normal drift. Medisinsk sengepost dekkjer medisinsk akuttfunksjon for pasientar i Nordfjord-regionen i samarbeid med dei andre sjukehusa i Helse Førde. Seksjonen har ein sengepost med 16 senger , inkludert 3 observasjonssenger. Vi driftar også dagbehandling for dialyse og fleire ulike poliklinikkar. Arbeidsoppgåver Delta i vaktordning som medisinsk bakvakt på medisinsk sengepost Ansvar for oppgåver knytt til sengepostarbeid og poliklinisk verksemd for aktuelt fagfelt Rettleiingsansvar for legar i spesialisering ( LIS1) Kvalifikasjonar Må ha godkjent norsk autorisasjon som lege med spesialisering i indremedisin og spesialisering i gastroenterologi eller kardiologi. Anna spesialisering kan også være aktuelt. Må då ha erfaring frå vaktarbeid i indremedisinsk sengepost. Ha erfaring frå sengepost-, vakt- og poliklinisk arbeid Det er ein fordel å ha kjennskap til IT-systema DIPS og MEONA Må kunne kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar Du må vere fagleg engasjert Du må ha gode evner til kommunikasjon med pasientar, pårørande og kollegaer Du må være påliteleg og ansvarleg, både med tanke på å følgje opp pasientar og administrative oppgåver Du må vere framtidsretta og løysingsorientert i forhold til tenesteutvikling Du må ha engasjement for samhandling både internt og eksternt for å utvikle tenestene med pasienten i fokus Du må vere lett å samarbeide med og trivast med tverrfagleg arbeid Du må gjere ditt beste for å bidra til eit godt arbeidsmiljø Vi tilbyr Spennande og varierte arbeidsoppgåver Støttande, aktivt og trygt arbeidsmiljø Høve til å drive utvikling av "Pasientens helseteneste" Nordfjordeid er ein flott plass å bu! Fleire barnehagar i området, skular og høg tilgang på fritidsaktivitetar mellom anna innan friluftsliv, trening og kultur Fine sjukehusbustadar. Vi hjelper til med å skaffe bustad,-oppgje i søknaden dersom det er ynskjeleg Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst og individuell avtale Gode pensjons- og forsikringsordningar Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonArnstein Ivesdal , Fung. seksjonsleiar , (+47) 990 42 547 ArbeidsstedSjukehusvegen 10 6770 NORDFJORDEID Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5141070644 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 19.07.2026 Om arbeidsgiveren: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores