About this role
Medisinsk sengepost ved Nordfjord sjukehus søkjer ferievikarar sommaren 2027. Vi har behov for sjukepleiararstudentar, helsefagarbeidarar/ hjelpepleiarar, medisinstudentar og assistentar med erfaring i perioden 15.06.2027 - 22.08.2027. Sengeposten er ein heildøgns sengepost med totalt 16 senger, inkludert 3 observasjonssenger. Vi er lokalsjukehus for Nordfjord og tek imot det meste av den augeblikkelege hjelpa frå regionen. Her får du jobbe med mange forskjellige diagnosar innafor indremedisin, og kan opparbeide deg verdifull erfaring i eit variert og lærerikt fagmiljø. Oppgi i søknaden kva periode du kan arbeide og ønskja stillingsprosent. Opplæring kan med fordel starte tidligare.
- Arbeidsoppgåver Observasjon og måling av vitale parameter Ivareta pasientane sine grunnleggande behov knytt til pleie, omsorg og aktivitet Mottak av pasientar og kartlegging av hjelpebehov Dokumentasjon i elektronisk pasientjournal (DIPS/MEONA) Samarbeid med andre faggrupper på sengeposten Oppfølging av daglege rutiner i sengeposten Todelt turnus (dag/kveld) for helsefagarbeidar og studentar Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon helsefagarbeidar/hjelpepleiar Sjukepleiarstudent Medisinstudent Assistent med erfaring fra sjukeheim/sjukehus Må beherske godt norsk både skriftleg og munnleg Personlege eigenskapar Du har motivasjon og er interessert i å bidra til at pasientane får ei best mogeleg oppfølging under innlegginga Du kommuniserer godt med pasientar og pårørande Du samarbeider godt med kollegaer og samarbeidspartnarar Du er god til å sjå kva som skal gjerast, og tilbyr og mottar hjelp Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø Du trivast i eit aktivt og travelt miljø Du er fleksibel og engasjert Vi tilbyr Ein spennande og utfordrande jobb Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø #sommarjobb#sommarjobbnordfjord#Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg.
Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse KontaktinformasjonMaria Charlotta Berg Langvik, Seksjonsleiar, (+47) 416 48 264 ArbeidsstedSjukehusvegen 14 6770 Nordfjordeid Nøkkelinformasjon: Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5201239959 Stillingsprosent: 100% Vikariat Søknadsfrist: 17.01.2027 Om arbeidsgiveren: Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane.
Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.