About this role
Vil du jobbe med hjernehelse? 🧠Er du teknisk anlagd og liker å jobbe med pasientar? Vi søker etter ein kollega som liker å jobbe med varierande og spennande oppgåver innan nervestystemet. Klinisk nevrofysiologi er anvendt nevrovitenskap med klinisk relevanse!
På Haukeland tilbyr vi moderne elektrofysiologisk testing av nervesystemet som er nyttig i diagnostikk, prognose og behandling av anfalls - og søvnlidingar, nevropatier, og nevromuskulære tilstandar. Vi er også engasjert i nevromonitorering ved kritisk sjukdom og under operasjonar. Hos oss møter du eit tverrfagleg og dynamisk team med høg kompetanse og eit sterkt fokus på kvalitet og pasientsikkerheit. Teamet består av 9 legar og 14 nevrofysiologi - teknikarar med ulik bakgrunn og utdanning og samarbeider med ingeniørar og sekretærar. Vår avdeling er del av eit universitetssjukehus med regionfunksjon, og utfører rundt 8000 undersøkingar årleg.
Vi jobbar tett saman og har til hovudoppgåve å utføre ulike undersøkingar av pasientar sitt sentrale og perifere nervesystem. Vi har både polikliniske og inneliggande pasientar, alder varierer frå premature kuvøsebarn til eldre menneske og frå friske til kritisk sjuke pasientar. Vi har lokale i Gamle Hovedbygg, i Sentralblokken, og i Glasblokkene.
Opningstida vår er for tida frå måndag til fredag frå kl. 07.45 til 15.30.
Avdelinga har også beredskapsvakt for nevrofysiologi-teknikar alle dagar i året for å yte nevroovervaking hjå pasientar med kritisk sjukdom.Vi søker etter ein ny kollega og har ledig 100% fast stilling som nevrofysiologi - teknikar frå 01.02.2027 eller etter avtale.