Now hiring

LIS i Nevrologi. 3 vikariat med oppstart september/november @ Helse Bergen HF, Nevroklinikken

BergenOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vi har opningar på Nevrologisk avdeling, grip du sjansen for å vere med på "Hjernelaget"? Nevrologi er eit spennande, allsidig og travelt fag. Kunnskap om hjernehelse er aukande etterspurt i samfunnet. Vi løyser utfordringar saman på tvers av yrkesgrupper. Vi tar raske avgjerder der det trengs, og gjer djupdykk i pasienthistoriar og litteratur for å avklare komplekse tilstandar. Godt, tverrfagleg samarbeid er avgjerande for resultatet, og vi jobbar støtt med å finne betre måtar å løyse oppgåvene på. Nysgjerrig på faget vårt? Sjekk Nevropodden på Spotify!Som svar på aukande behov, har Helse Bergen frå 2025 satsa på forsterka nevrologisk forvakt. Vi har delte dag- og nattevakter i 17 vekers turnus.Nevrologisk avdeling har på grunn av uventa endringer ledig 2 vikariat for lege i spesialisering (LIS 2/3) i Nevrologi frå 1. september eller etter avtale, med varigheit ut februar 2027, med gode høve for forlenging. I tillegg lyser vi ut 1 årsvikariat frå 1. november eller etter avtale.Vikariat som LIS 2/3 gir som regel gode høve til forlenging og kan føre fram til spesialisering i Nevrologi. Nevrologisk avdeling er del av Nevroklinikken, som òg famnar om Nevrokirurgi og Klinisk nevrofysiologi, slik at heile spesialistutdanninga i Nevrologi kan gjerast her. Som LIS i avdelinga blir du involvert i forbetringsarbeidet i avdelinga, og om du får vekt interesse for spesifikke felt innanfor nevrologien, er det god anledning for fordjuping undervegs i spesialiseringa. Lenke til utdanningsplan Nevrologi HUSOm du er interessert i forsking, er det god anledning for å kombinere klinisk spesialisering og forskarutdanning fram mot PhD. Vi har nasjonalt leiande forskingsmiljø innanfor fleire nevrologiske fagfelt knytt til avdelinga, som til dømes nevrodegenerative sjukdomar og MS, hjerneslag, nevroimmunologi, hodepine og epilepsi. Cand.med. som ventar på å gjennomføre LIS1 kan og bli vurdert for vikariat hos oss dersom det ikkje er nok kvalifiserte søkarar. Som Cand.med. i LIS-vikariat får du grupperettleiing på utfordringar i rolla som nyutdanna lege, og du får tilpassa oppgåver i forhold til erfaring og kompetanse. Vi vil at LIS skal få utvikle klinisk kunnskap og erfaring på ein trygg måte, der ein gradvis arbeider meir sjølvstendig, med god tilgang på råd og rettleiing undervegs. Leiinga for legegruppa arbeider saman med dei tillitsvalde og legekollegiet for å skape eit godt fag- og arbeidsmiljø basert på samhald, fag- og arbeidsglede og gjensidig respekt. Helse Bergen legg vekt på å skape sunne og trygge arbeidsplassar i sjukehuset og ved Nevrologisk avdeling legg vi til rette for dette. Vi legg til rette for fleksibilitet i arbeidskvardagen, til dømes fagleg fordjuping heime, der det er mogleg.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores