About this role
Ved Nevrokirurgisk avdeling har vi ledig helgestilling for sjukepleiar med arbeid kvar tredje helg, tilsvarande 15% stilling. Oppstart etter avtale. Nevrokirurgisk avdeling har ansvar for diagnostisering, behandling og oppfølging av pasientar med skadar og sjukdommar i hjerne, nakke og rygg. Avdelinga behandlar både vaksne og barn, og har nasjonalt behandlingsansvar for stråleknivbehandling og behandling av pasientar med vestibularisschwannom. Sengeposten har 25 senger, inkludert ei nevrokirurgisk overvakingseining (NOVA) med 7 senger. Vi tilbyr eit fagleg sterkt og utviklande arbeidsmiljø prega av høg kompetanse, tverrfagleg samarbeid og engasjerte medarbeidarar.
Kontinuitet i pasientbehandlinga, kvalitet i tenestene våre og fagleg utvikling for dei tilsette står sentralt i avdelinga.Vi søker ein sjukepleiar som trivst i eit miljø med høgt arbeidstempo og komplekse pasientforløp, og som ønsker å bidra til trygg og kunnskapsbasert pasientbehandling. Det er også ønskeleg at sjukepleiar er fagleg engasjert, fleksibel og likar å møte nye utfordringar i kvardagen. Velkommen som søkar til ei spennande stilling i eit høgspesialisert fagmiljø.