About this role
Er du vår nye geriater? Helse Fonna HF omfattar sjukehusa i Haugesund, Stord, Odda og Valen, samt fire distriktspsykiatriske senter (DPS). Med over 4 000 tilsette tilbyr vi spesialisthelsetenester til om lag 180 000 innbyggjarar i regionen. Våre tilsette er vår viktigaste ressurs, og vi arbeider målretta for å skape eit godt fagmiljø med høg kvalitet i pasientbehandlinga. Vi har no ledig LIS3-stilling i geriatri. Du blir del av eit godt fagmiljø og arbeider tett saman med ein erfaren geriater.
Vi ønsker å styrke det geriatriske fagmiljøet og her vil du få ei sentral rolle. Som LIS3 i geriatri vil du vere LIS i medisinsk avdeling og rotere mellom dei ulike medisinske seksjonane for å gjennomføre LIS2 i indremedisin. Du deltek i denne perioden i det generelle indremedisinske vaktlaget. Medisinsk avdeling er ei aktiv avdeling med stort pasientvolum og varierte problemstillingar. Du får tett rettleiing og supervisjon, og læringskurva er bratt! Nevro-, slag- og geriatriavdelinga har seks senger dedikerte til geriatriske pasientar og ei geriatrisk poliklinikk.
Vi samarbeider tett med alderspsykiatrien gjennom eit tverrfagleg behandlingstilbod, og vi arbeider med planar om å etablere eit ambulant geriatrisk team. Som LIS-lege blir du ein del av utdanningsnettverket i Helse Vest. Eininga fekk fornya godkjenning som utdanningsinstitusjon for spesialisering i geriatri i 2023. Vi skal flytte inn i nye og moderne lokale i 2027 og blir ein del av Vestlandslegen-satsinga. Vi ønskjer også å leggje til rette for forsking og fagutvikling.Vi ser etter deg som har eit heilskapleg perspektiv på pasientbehandling og som trivst med tett samarbeid på tvers av profesjonar. Du er fagleg nysgjerrig, utviklingsorientert og ønskjer å bidra til vidareutvikling av det geriatriske tilbodet.Du er velkommen til å søke. Oppstart: 1. mars 2027, men tidlegare eller seinare oppstart er fullt mogleg.