About this role
Me søkjer deg som vil bidra til trygg og effektiv behandling for pasientar med psykiske lidingar, samtidig som du får styrka kompetansen din. Vi har no ledig vikariat for deg som ønskjer å lære om, og levere behandling med moderne og evidensbaserte biologiske metodar.Du får tett oppfølging og god opplæring frå dag éin. Vikariatet varer i eitt år, med oppstart i 2027 og moglegheit for forlenging dersom behovet held fram. Arbeidsdagen er variert, og aktiviteten går særleg føre seg på morgonen når me køyrer ECT- og TMS-behandlingar. Me planlegg også for pilotering av behandling med ketamin.Me ser fram til å høyra frå deg, og ønskjer deg velkommen til eit spennande vikariat hos oss!