About this role
Og vil du vere med og gjere ein forskjell - kvar einaste dag? Då må du bli ein del av vårt engasjerte team ved barne- og ungdomsavdelinga. Vi søkjer en engasjert og fagleg sterk sjukepleiar til 80% vikariat frå 01.02.2027 til 13.02.2028. Her får du ein meiningsfull arbeidskvardag med små pasientar og store augeblikk. Barne- og ungdomsavdelinga ved Haugesund sjukehus tilbyr medisinsk og kirurgisk behandling for barn og ungdom frå 0 til 18 år. Vi legg stor vekt på heilskapleg omsorg, tverrfagleg samarbeid og eit varmt møte med pasientar og familiar. Hos oss møter du engasjerte kollegaer med høg fagleg kompetanse, og eit godt arbeidsmiljø prega av samarbeid, openheit og humor.
Arbeidet går føre seg i turnus med dag-, kveld-, og nattevakter, og gir deg varierte og utfordrande oppgåver innan både akutt og planlagd behandling. Her får du høve til å bruke både fagkunnskap og omsorgsevne og delta i vidareutvikling av eit kompetent og framtidsretta fagmiljø. Hos oss får du ein arbeidskvardag som er både utfordrande og meiningsfull - og full av små augeblikk som gjer ein stor forskjell. 👉 Vil du bli ein del av vårt gode team?
Då gler vi oss til å høyre frå deg!