Now hiring

Sjukepleier/vernepleier @ Kviteseid kommune

NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Kviteseid kommune søkjer etter engasjerte sjukepleiarar eller vernepleiarar til to faste 100 % stillingar og to faste 80 % stillingar.Me står midt i ei spennande utvikling der samarbeidet mellom Kviteseid omsorgssenter og heimetenesta blir styrkt for å møte framtidas behov på ein best mogleg måte. Målet er å byggje eit enda sterkare fagmiljø på tvers av tenestene, der kompetanse, erfaring og ressursar blir delte til beste for pasientane. Kviteseid kommune har allereie mange dyktige sjukepleiarar og vernepleiarar med brei erfaring, høg fagleg kompetanse og eit sterkt engasjement for faget.

No ønskjer me å byggje vidare på desse ressursane gjennom tettare samarbeid, felles fagleg utvikling og meir fleksibel bruk av kompetansen på tvers av tenestene. Slik kan me nytte fagkompetansen der behova er størst, styrkje kvaliteten i tenestene og sikre gode og heilskaplege pasientforløp. Som sjukepleiar eller vernepleiar hjå oss får du ein variert arbeidskvardag gjennom ei kombostilling som omfattar arbeid både ved Kviteseid omsorgssenter og i heimetenesta. Dette gir deg høve til å følgje pasientar gjennom ulike fasar av helsehjelpa og bruke breidda i den faglege kompetansen din.I utviklinga av tenestene våre har me særleg fokus på å nytte rett kompetanse på rett stad.

Målet er at sjukepleiarar og vernepleiarar i størst mogleg grad skal få bruke si fagkompetanse på pasientretta og sjukepleiarfaglege oppgåver. Du vil få arbeide med kliniske vurderingar, medisinsk oppfølging, prosedyrar, koordinering og fagleg oppfølging av pasientar, samtidig som me arbeider for gode arbeidsprosessar og ei berekraftig organisering av tenestene.Me har nyleg etablert eiga korttidsavdeling og tilbyr ein variert arbeidskvardag innan rehabilitering, observasjon, behandling, palliasjon, demensomsorg og oppfølging av kroniske sjukdomar. Hjå oss får du moglegheit til å utvikle deg fagleg, påverke tenestene og bidra i eit miljø der samarbeid, kvalitet og nytenking står i sentrum.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores