About this role
Vi søkjer ein danselærar som brenn for å undervise barn og unge i dans! Vi har ledig ei fast stilling på 19,4 %. Undervisninga går føre seg i Kviteseidhallen og er i hovudsak knytt til SFO-tid og tidleg ettermiddag. Ønskt undervisningsdag er tysdagar i tidsrommet kl. 14.00–17.00, men andre dagar og tidspunkt kan vere aktuelle. Vi ønskjer særleg kompetanse innan moderne og urbane dansestilar som Streetdance, Hip-Hop eller Streetfunk. Stillinga omfattar undervisning av barn og ungdom i alderen 6–16 år. Til no har undervisninga vore organisert i tre grupper: SFO-barn, elevar på 4.–7. trinn og elevar på 8.–10. trinn. Ved tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månadar. Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju.