Now hiring

Sjukepleiar/vernepleiar 52,11 % fast stilling på natt @ Kviteseid kommune

KviteseidOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Vil du vere den faglege tryggleiken gjennom natta?Ved Kviteseid omsorgssenter er det ledig 52,11 % fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar på natt, frå d.d.Me søkjer deg som trivst med sjølvstendig arbeid, som er trygg i faglege vurderingar og som ønskjer å gjere ein forskjell for pasientane våre gjennom heile døgnet. Som nattevakt vil du ha ei sentral rolle i å sikre kvalitet, pasienttryggleik og god oppfølging for bebuarane våre.Om arbeidsplassen :Kviteseid omsorgssenter er ein sjukeheim med 32 plassar fordelt på fire avdelingar, inkludert nyetablert korttidsavdeling. Pasientgruppa er samansett og omfattar mellom anna personar med demenssjukdom, kroniske sjukdomar, rehabiliteringsbehov og behov for lindrande behandling.Som sjukepleiar/vernepleiar på natt har du ansvar på tvers av alle avdelingane og samarbeider tett med øvrig nattevakt for å sikre trygg og fagleg forsvarleg drift gjennom natta.Stillinga inngår i årsturnus med arbeid kvar tredje helg.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores