About this role
Vil du vere med å skape trygge netter for pasientane våre?Ved Kviteseid omsorgssenter er det ledig 52,11 % fast stilling som helsefagarbeidar på natt frå 01.01.2027.Me søkjer deg som trivst med sjølvstendig arbeid, er fagleg engasjert og har eit hjarte for eldreomsorg. Som nattevakt er du med på å skape tryggleik, omsorg og verdigheit for pasientane våre gjennom natta. Du vil vere ein viktig del av teamet og bidra til at pasientane får gode og fagleg forsvarlege tenester.