About this role
Sjukepleiar/Framtidig Uroterapeut søkast til Kirurgiske poliklinikker SNR!Vil du bli spesialist på eit felt i rivande utvikling og jobbe i ein strukturert poliklinisk kvardag? Vi søker ein engasjert sjukepleiar som ønsker å videreutdanne seg til uroterapeut, med full økonomisk støtte frå seksjonen.
Kirurgiske poliklinikkar har stor aktivitet og behandlar pasientar med eit bredt spekter av lidingar i urinveiane. Uroterapi er ein heilt sentral del av vårt polikliniske tilbod, og vi ønsker no å styrke teamet vårt med ein framtidig fagspesialist.
Vi tilbyr ei 80 % fast stilling som sjukepleiar hos oss, med ein integrert utdanningsavtale for videreutdanning i uroterapi (60 studiepoeng, deltid over 2 år, med oppstart haust 2027 i Bergen). Seksjonen dekker studieavgift, reiseutgifter til samlingar og gir tilrettelagt permisjon med lønn på studiedager etter avtale.Vi tilbyr: Ei fullfinansiert videreutdanning i uroterapi (studieavgift, litteraturstøtte og reisedekning).Arbeidstid hovedsakeleg på dagtid (mandag–fredag).Ein tilrettelagt studiekvardag der seksjonen legg til rette for samlingar og studiedager.
Eit sterkt fagmiljø med fokus på kompetanseheving, kvalitet og godt arbeidsmiljø. Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom sjukehuset. Praktisk informasjon om utdanningsavtalen: Utdanninga gjennomførast som eit deltidsstudium over 2 år. Det vil bli oppretta ein formell utdanningsavtale mellom sjukehuset og den som tilsettast. Avtalen inneber økonomisk støtte og permisjon under studietida, mot ei bindingstid på 2 år i 80 % stilling ved poliklinikken etter fullført utdanning.
Tilsetting etter avtale med leiar. Aktuelle kandidatar kan bli kontakta fortløpande.