About this role
Vil du være vår nye kollega ved Alderspsykiatri Sunnmøre? Vi har ledig 100% vikariat for sjukepleiar/spesialsjukeplaier i døgnposten vår. Oppstart frå snarast. For tida todelt turnus, med arbeid kvar 3. helg. Alderspsykiatri Sunnmøre er samlokalisert med øvrig sjukehuspsykiatri. Avdeling for sjukehuspykiatri består av: Psykose sengepost SunnmøreAkutt psykisk helse SunnmøreAlderpsykiatri SunnmøreAllmennpsykiatri SunnmøreSikkerhetspsykiatri SunnmøreSpesialisert habilitering Alderspsykiatri Sunnmøre består av ein poliklinikk og ein døgnpost med 6 sengar.
Arbeidsstad vil vere ved døgnpost. Seksjonen er tverrfagleg samansett av legespesialistar, lege i spesialisering, spesial ergoterapeut, geriatrisk og psykiatrisk sjukepleiar, vernepleiar, hjelpepleiar, helsefagarbeidar og merkantile ressursar. Døgnposten har fokus på utredning og behandling, og har eit høgt fagleg fokus. Poliklinikken tek imot pasientar i eigne lokale eller ved besøk heime eller på institusjon. Målgruppa er personar over 65 år med nyoppstått psykisk liding bl.a depresjon, angst, psykose og eller ulike demenstilstander med nevropsykiatriske symptom (NPS).Vi har godt samarbeid internt i seksjonen mellom døgnpost og poliklinikk samt andre instansar i spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta.