About this role
Avdeling for radiologi Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) Hjelset søkjer no etter fagradiograf CT med strålevernsfunksjon i 100% fast dagtidsstilling. Ved eventuell internt opprykk, blir det ledig ei radiografstilling i 100% i 2- eller 3-delt turnus. Skriv i søknaden kva slags stilling du søkjer på. Tilsetting frå snarast! Avdeling for radiologi SNR består av om lag 100 tilsette, samansett av radiografar, radiologar, hjelpepleiar og kontorpersonell som arbeider i eit spennande, utviklande og triveleg miljø. Avdelinga har aktivitet både ved akuttsjukehuset SNR Hjelset som er eit nytt sjukehus med døgnkontinuerleg drift, og ved SNR Kristiansund som har utstrakt poliklinisk drift på dag og kveld. Vi gjer tilsaman eit breitt spekter av undersøkingar som MR, Mammografi, CT, konvensjonell rtg, gjennomlysing, ultralyd og beintettleiksmåling.