Now hiring

Smittevernsjukepleiar @ Helse Fonna HF

Haugesund, Rogaland, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Er du interessert i smittevern, pasienttryggleik og resistente mikrobar? Ønsker du ein allsidig og spennande jobb der du kan gjere ein forskjell i helsetenesta? Hos oss får du høve til å vere kreativ og utvikle deg. Vi ser etter ein engasjert medarbeidar som er fagleg sterk, og som ønsker å styrke og vidareutvikle smittevernarbeidet i føretaket. Du vil vere ein viktig støttespelar for både leiarar og medarbeidarar.Vi har ledig stilling som smittevernsjukepleiar ved avdeling for smittevern, med arbeidsstad i Haugesund.

Du blir ein del av eit engasjert smittevernteam som består av ein smittevernlege og tre andre smittevernsjukepleiarar, fordelte på sjukehusa på Stord, Odda og i Haugesund. Avdeling for smittevern arbeider med infeksjonsførebygging og infeksjonsovervaking, og samarbeider tett med andre profesjonar og avdelingar. Vi samarbeider òg tett med smittevernpersonell i heile Helse Vest. Vi kan tilby ein variert arbeidskvardag med gode moglegheiter for fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores