About this role
Ønskjer du ein meiningsfull ekstrajobb? Vi søkjer no etter engasjerte og pålitelege tilkallingsvikarar til sengeposten vår.Sengepost Medisin 2 ved SNR omfattar fagområda lungemedisin, indremedisin og fordøyingssjukdommar. Hos oss møter du pasientar med ulike og samansette behov, og får vere med på å gi heilskapleg behandling, pleie og omsorg i eit tverrfagleg miljø. Du blir ein del av eit inkluderande og fagleg sterkt team som er oppteke av samarbeid, kvalitet og kompetanseutvikling.
Som tilkallingsvikar får du god opplæring og tett oppfølging frå erfarne kollegaer, slik at du kan kjenne deg trygg i rolla. Arbeidskvardagen er variert, og du får høve til både fagleg og personleg utvikling. Arbeidsmiljøet vårt er prega av respekt, samarbeid og engasjement, og vi ønskjer å skape ein arbeidsplass der alle kjenner seg verdsette og inkluderte. Høyrast dette spennande ut? Send oss ein søknad og bli med på laget!
Sjekk instagram @medisin2.snr for eit innblikk i arbeidskvardagen vår!