About this role
Psykisk helsevern for barn og unge, poliklinikken i Volda (BUP) har no ledig 100% fast stilling!I Helse Møre og Romsdal HF er psykisk helsevern for barn og unge samansett av poliklinikkane i Kristiansund, Molde, Ålesund og Volda (BUP) samt ein døgnseksjon. Poliklinikken i Volda har eit godt arbeidsmiljø med spanande arbeidsoppgåver. Vi tilbyd differensiert poliklinisk utgreiing- og behandlingstilbod til barn, unge og familiar i 7 kommunar på Sunnmøre. Personalgruppa vår er sett saman av personar frå ulike yrkesgrupper som er organisert i tverrfaglege team. I tillegg har vi akutt ambulant team, spiseteam, traumeteam og familieteam. Vi gir tilbod om pasient- og pårørandeopplæring. Vi legg vekt på godt samarbeid med førstelinjetenesta. Det kan også verte høve for tilsetting i eitt årsvikariat.Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag!