Now hiring

Pleiemedarbeidar  - deltidstillingar på helg @ AUSTEVOLL KOMMUNE BARNEVERN

Austevoll, NO0A2, NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Om arbeidsstaden Helse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV, psykisk helse og rus, kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg legge til rette med tenester tilpassa den enkelte sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.

Om stillinga Austevoll kommune har to ledige helgestillingar som pleiemedarbeidar ved spesialavdelingane på Austevoll pleie- og omsorgssenter. Ein i 13,31% og ein i 18,79%.

Har du ledig tid i helgane og ønskjer verdifull arbeidserfaring innan helse og omsorg? Då kan dette vere ei spennande moglegheit for deg.

Stillingane inngår i turnus med arbeid om lag kvar tredje helg. På Austevoll pleie- og omsorgssenter blir du ein del av eit varmt og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar. Vi har fokus på samarbeid, læring og trivsel, og ønskjer at alle skal oppleve meistring og arbeidsglede i kvardagen.

Austevoll kommune er i omstilling, og arbeids- og ansvarsområda kan difor bli endra.

  • Ansvar og arbeidsoppgåver Bidra til å skape ein trygg og triveleg kvardag for bebuarane Hjelpe til med pleie- og omsorgsoppgåver etter opplæring Assistere bebuarar i daglege aktivitetar og måltid Delta i miljøskapande aktivitetar og sosialt samvær Bidra til orden og trivsel i avdelinga Samarbeide med kollegaer og andre faggrupper Utføre arbeidsoppgåver i tråd med gjeldande rutinar Kvalifikasjonskrav Formelle kvalifikasjonskrav: Du er fylt 18 år Du kan kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg Interesse for arbeid innan helse og omsorg Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel, men ikkje eit krav Opplæring vil bli gitt Personlege eigenskapar: Du er omsorgsfull og viser respekt for andre menneske Du er positiv og engasjert Du er ansvarsbevisst og påliteleg Du trivst med å samarbeide med andre Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø Du er fleksibel og lærevillig Vi tilbyr Ei meiningsfull og lærerik helgestilling Verdifull arbeidserfaring innan helse og omsorg God opplæring og tett rettleiing frå erfarne kollegaer Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø Moglegheit for ekstravakter ved behov Løn etter gjeldande tariffavtale Slik søker du på stillinga Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen. Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.

Om arbeidsgiveren: Austevoll er ein øykommune sørvest i Vestland fylke. Kommunen er den største fiskerikommunen i landet, med høg næringsaktivitet og eit mangfald av spennande jobbar. Administrasjonskontoret ligg i kommunehuset på Storebø, om lag fem minutt med bil frå ferje- og hurtigbåtkaia. Austevoll har om lag 5500 innbyggarar. Rundt 700 personar pendlar til kommunen frå nabokommunane kvar dag. Vi er om lag 450 fast tilsette som arbeider for å gi innbyggarane gode kommunale tenester.

Bur du i Austevoll, kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år. Ordninga gjeld frå januar 2026. Undersøk gjerne om du fyller vilkåra for å få lån sletta på nettsidene til Lånekassen.

Hos oss får du meiningsfylte og utfordrande oppgåver, og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Arbeidsspråket i kommunen er nynorsk. Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores