Now hiring

Miljøterapeut @ AUSTEVOLL KOMMUNE BARNEVERN

Norway (NO0A2)OnsiteContract
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Om arbeidsstaden Vil du vere med å utvikle ei ny, heilskapleg teneste for barn, unge og familiar? Austevoll kommune etablerer no ei ny tverrfagleg eining for barn, unge og familie. Eininga samlar helsestasjon- og skulehelsetenesta, barnevern, PPT, jordmortenesta og kommunepsykolog og familieterapeut. Målet er å styrke tidleg innsats og samarbeid og sikre tidleg og meir koordinert oppfølging og hjelpetiltak. Vi søker no ein engasjert og fagleg sterk miljøterapeut som vil ha ei viktig rolle i dette arbeidet. Om stillinga Ledig prosjektstilling som miljøterapeut i 50 % frå 1. august 2026 til 31.12.2027 med moglegheit for forlenging Som miljøterapeut vil du jobbe på tvers av fagområda i eininga og bidra inn i oppfølging av barn, unge og familiar med samansette behov. Stillinga er organisatorisk plassert i helsestasjon- og skulehelsetenesta, men oppgåvene er retta mot heile eininga. Arbeidsoppgåver Oppfølging av barn, unge og familiar i kvardagen Miljøterapeutisk arbeid i heim, barnehage, skule og fritid Delta i og bidra til tverrfagleg samarbeid Bidra til tidleg innsats og førebyggande arbeid Foreldrerettleiing - støtte føresette i foreldrerolla Delta i utvikling av nye arbeidsformar i eininga Kvalifikasjonskrav Formelle kvalifikasjonskrav Relevant helse- eller sosialfagleg utdanning (til dømes vernepleiar, barnevernspedagog, sosionom og sjukepleiar) Erfaring frå arbeid med barn og unge Erfaring med tverrfagleg samarbeid er ein fordel Gode kommunikasjons- og relasjonsferdigheiter Rettleiingskompetanse er ønskeleg Førarkort for personbil Gyldig politiattest Personlege eigenskapar Du er trygg, fleksibel og løysingsorientert Du trivst med samarbeid på tvers av fag og tenester Du evnar å arbeide sjølvstendig og strukturert Du har eit sterkt engasjement for barn og unge Vi tilbyr Ei spennande stilling i ei ny og utviklingsretta eining Høve til å påverke og forme tenestetilbodet Sterkt fagmiljø og tett samarbeid på tvers av tenester Varierte arbeidsoppgåver Løn etter kvalifikasjonar Gode pensjons- og forsikringsordningar Slik søker du Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida. Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen. Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort. Om arbeidsgiveren: Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar. Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai. Kommunen har eit folketal på om lag 5400 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester. Og veit du at dersom du bur i Austevoll kan du få sletta studiegjeld? Bur du her kan du kvart år få sletta kr 25.000,- av studielånet ditt. Dette er nytt frå januar 2026, sjå meir informasjon om ordninga på Lånekassen si heimeside: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores