Now hiring

Barnehagelærar i Golvsengane @ Stad kommune

NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Til deg som er barnehagelærar. Vi i Golvsengane barnehage treng fleire dyktige medarbeidarar og ser etter deg som vil jobbe hos oss. Stillinga er fast, 100 prosent og gjeldande frå 1. januar 2027 eller etter avtale. Vi ser etter deg som er fagleg ansvarleg for det pedagogiske arbeidet i vår barnehage i samspel med dine medarbeidarar. Du må kunne gje barna omsorg og tryggheit. I dette legg vi at du får medansvar for organisering av leik og læring, med fokus på meistring for kvart enkelt barn.

Du skal vere med på å bygge gode relasjonar for å skape lærelyst hos barna. Du er engasjert, løysingsorientert, kan samarbeide, leie og reflektere saman med andre, har godt humør og stå på-vilje. Hos oss får du eit støttande og godt kollegium der vi gir plass til fagleg og personleg utvikling gjennom eit inspirerande miljø. Barnehagen vår er ein avdelingsbarnehage med åtte avdelingar organisert med små- og storbarnsavdelingar. Barnehagen ligg sentralt til på Nordfjordeid med kort avstand til skog, fjord, fjell, operahuset med biblioteket og Sagastad/Sagaparken.

Vår visjon er "Små og store hand i hand". Barna sitt beste står i sentrum for vårt arbeid, men for å få det til treng vi deg. Vi ser etter medarbeidarar som ynskjer å jobbe i eit godt kollegium der barna sin omsorg, leik og læring står i sentrum for jobben.

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores