About this role
Vil du vere med og forme framtidas helsetenester ? Vi søkjer etter akkurat deg! Vi har ledig fast 100 % stilling som offentleg godkjend sjukepleiar i turnus frå februar 2027. Stillinga er i hovudsak 100 %, men ønske om anna stillingsprosent kan vurderast.I område Selje/Stadlandet har vi slått saman sjukepleiarkreftene våre. Her jobbar vi side om side i heimetenesta og på institusjon som eit team, for å gje best mogleg omsorg til dei vi er her for. Her får du oppgåver som spenner frå avansert medisinsk oppfølging, til tett samarbeid og oppfølging i livets siste dagar. Du får brukt heile sjukepleiefaget – og meir til – i ein variert kvardag hos oss der ingen dagar er like.
Kvifor velje oss?
Du får oppleve kor verdifullt det er å jobbe på tvers av heimebasert omsorg og institusjon. Du får reise på heimebesøk der du møter menneske i sitt eige miljø samtidig som du får nytte sjukepleiarkompetansen din til å hjelpe tenestemottakarar i bufelleskap og institusjon. Du får vere sjølvstendig samtidig som du har tett samarbeid med kollegaer og fellesskap rundt faglege diskusjonar. Hos oss får du brukt sjukepleiarkompetansen din der den trengst mest. Vi sørger for at rett kompetanse blir brukt på rett stad, slik at du kan fokusere på oppgåver som krev din faglege kompetanse. Du blir del av eit sterkt fagmiljø der kunnskap, erfaring og idear er verdsett. Du får utfordringar som gir deg høve til å bruke både akuttkompetanse, kliniske ferdigheiter, observasjonskompetanse og omsorgsevne.
Stad kommune tilbyr 30.000 kroner over tariff i rekrutteringstillegg. Du kan velje langvaktsturnus, turnus med ordinære vakter eller ein kombinasjon av dette."Eitt team. Eitt mål. Best mogleg omsorg – saman med deg!”Bli med i vårt tverrfaglege team i heimetenesta og på Seljetunet! Her kombinerer vi styrkane våre på tvers for å gje best mogleg omsorg – både heime hos tenestemottakarane og på institusjon.Er du sjukepleiarstudent oppmodar vi deg til å søkje!