Now hiring

Barne- og ungdomsarbeidarar i Golvsengane @ Stad kommune

NOOnsiteFull-time
Apply with ResuMinder

Opens on the employer's site

About this role

Heisann, så fint du les annonsen vår 😊 Vi ser etter deg som likar å arbeid med barn og vere ein positiv del av livet deira. Å jobbe her kan til tider vere noko hektisk, men også innhaldsrikt og veldig givande. Vi i Golvsengane barnehage treng fleire dyktige medarbeidarar og ser etter deg som vil jobbe som barne- og ungdomsarbeidar. Vi har to faste stillingar, begge er 100 prosent og gjeldande frå 1. januar 2027 eller etter avtale. Har du ikkje fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, kan du gjerne søkje og forplikte deg til å ta det innan rimeleg tid.Vi ser etter deg som vil vere fagleg medansvarleg for det pedagogiske arbeidet i barnehagen vår.

Du må kunne gje barna omsorg og tryggleik. I dette legg vi at du får medansvar for organisering av leik og læring, med fokus på meistring for kvart enkelt barn. Du skal vere med på å bygge gode relasjonar for å skape lærelyst hos barna. Du er engasjert, løysingsorientert, kan samarbeide og reflektere saman med andre, har godt humør og stå på-vilje. Hos oss får du eit godt kollegium der vi gir plass til fagleg og personleg utvikling gjennom eit inspirerande miljø. Barnehagen vår er ein avdelingsbarnehage med åtte avdelingar organisert med små- og storbarnsavdelingar.

Barnehagen ligg sentralt til på Nordfjordeid med kort avstand til skog, fjord, fjell, biblioteket og Sagastad/Sagaparken. Vår visjon er "Små og store hand i hand". Vi ser etter medarbeidarar som ynskjer å jobbe i eit godt kollegium der barna sin omsorg, leik og læring står i sentrum. Håpar du søkjer!

Ready to apply?

Install the ResuMinder extension and we'll auto-fill the application in seconds — no rewriting.

See how your CV scores