About this role
Rus- og avhengigheitsklinikken (RAK), Seksjon forsking, i Helse Bergen HF, lyser ut ein 100% engasjement som post.doc-forskar (3 årsverk) tilknytt forskingssenteret Senter for evidensbaserte intervensjoner i rusbehandling (SEIER) frå 1. januar 2027 til 31.12.2029.RAK tilbyr kunnskapsbasert utgreiing, behandling og oppfølging til personar med rus- og avhengigheitslidingar gjennom eit breitt spekter av polikliniske, ambulante og døgnbaserte tenester, inkludert avrusning, LAR, medikamentfrie behandlingsforløp, tvangsbehandling og heroinassistert behandling.
Seksjon forsking ved RAK er eit tverrfagleg forskingsmiljø med tilsette som har mastergrad og/eller ph.d. innan medisin, psykologi, samfunnsvitskap, helseøkonomi og sjukepleie. Seksjonen omfattar dei to forskingssentera NORCATS, med fokus på substitusjonsbehandling, og SEIER, med fokus på integrert rusbehandling. SEIER skal utvikle og evaluere behandlingsmetodar som kan implementerast i rusbehandlinga, med mål om å gi personar med rusmiddelproblem betre helse, livskvalitet og levekår, og samtidig styrke rusbehandlinga for framtida.
Forskinga i SEIER er støtta av Trond Mohn forskingsstifting. Denne postdoktorstillinga vil vere knytt til prosjekt i SEIER, med arbeidsoppgåver innan utvikling og evaluering av kosthaldsrelaterte intervensjonar, risikomodellering og arbeid med systematiske kunnskapsoppsummeringar. Stillinga vil òg innebere koordinering og oppfølging av ulike arbeidspakkar i forskingsprosjekt.