About this role
Vi har ledig ei vikariatstilling for psykolog i Rus- og avhengigheitsklinikken sin poliklinikk i Engenhuset.Poliklinikken i Engenhuset har eit solid og unikt fagmiljø i nasjonal og internasjonal samanheng. Vi arbeider metodisk og systematisk med behandling gjennom vekentleg tverrfagleg rettleiing i team, og samarbeider med fleire solide forskningsmiljø. Rettleiinga går føre seg i team beståande av psykologspesialist og psykolog, spesialist i rusmedisin, psykiater, sosionom og vernepleiar. Sektorteamet har tett samarbeid med Betanien og Voss DPS, i tillegg til mellom anna primærhelsetjenesta. Vi har nyleg utvikla eBehandling for pengespelavhengigheit, og skal også ta i bruk eBehandling for alkoholavhengigheit.Poliklinikken held sentralt til i heilt nye sentrale lokaler i Håkonsgaten 1 saman med fleire andre seksjoner i Rus- og avhengigheitsklinikken. Det er kort avstand til kollektivtransport. I poliklinikken er det 36 tilsette, av desse er 13 psykologspesialistar, 6 psykologar og 5 legar. Den tverrfaglege bemanninga består elles av erfarne sosionomar, spesialsjukepleiarar, vernepleiarar og musikkterapeut, samt merkantilt tilsette. Ein sosionom i kvart team tek ansvar for sosialfaglege oppgåver, slik at terapeutane kan ha hovudfokus på terapi og endringsprosessar. I tillegg samarbeider teama med jobbkonsulentar (IPS), som har fokus på å hjelpe pasientar som ønskjer det inn i ordinært, lønna arbeid.Stillinga er ledig frå 4. januar 2027.